UiB : Universitetsbiblioteket : Bibliotek for humaniora
 

Bibliotek for humaniora
- eit læringssenter

Ny nettside:

uib.no/ub


Lån - Trådlaust nett i biblioteket - Kvar finn du boka? 


Bibliotek for humaniora (tildl. HF-biblioteket) er ein del av det faglege og pedagogiske tilbodet ved Det humanistiske fakultet. Vi er først og fremst eit vitskapleg bibliotek og rettar tenestene våre mot universitetet i Bergen (UiB). Målet er å tilfredsstille informasjons- og dokumentasjonsbehovet hjå forskarar og studentar i Bergen.
    Bibliotek for humaniora er eit læringssenter med over 50 PC-ar, arbeidsplassar, leseplassar, grupperom, nye aviser og tidsskrifter, referanseverk og eit omfattande utval av elektroniske ressursar. Sjå oversyn over databasane i Bibliotekportalen.

Samlingane: Bøker og tidsskrift
I biblioteket kan du gå rundt i seks etasjar og sjølv plukke ut den litteraturen du vil lese eller låne. Det er dei mest brukte bøkene som står framme i opne magasin. Bøker frå lukka magasin må bestillast over nettet eller ved skranken, og hentast dagen etter. Bøker som er utlånte, kan du reservere. Du vil då få beskjed på epost når du kan hente dei. Det same med innlån frå andre bibliotek. Sjekk alltid i BIBSYS kor bøkene står. Tidsskrifter og hovudoppgåver er ikkje til heimlån.
     Her følgjer eit oversyn over samlingane som står framme:

5   Tidsskrifter: A – Mod
4   Tidsskrifter: Mod – Å
3   Skjønnlitteratur: Eldre tekstar, antologiar, norsk
2   Skjønnlitteratur: Annan nordisk, engelsk o.a.
     Faglitteratur: Musikk, filosofi, religion
1   Skjønnlitteratur: Romansk, slavisk, germansk o.a.
     Faglitteratur: Kulturfag, lingvistikk, kunst, teater, film
     Referansesamling, aviser og tidsskrifter
U   Faglitteratur: Litteraturvitskap, historie, arkeologi, hovudoppgåver, folio
     Stortingsforhandlingar, statistikk

Lån
Rutinar og reglar for lån av bøker og tidsskrift.

Trådlaust nett i biblioteket
Korleis kople seg opp med eigen PC